Rapport fra Marit og Agnar Brattland


9b001a_7cf2ee2136b14fa696df8c222e58624c.jpg_srb_p_840_630_75_22_0.50_1.20_0.00_j

Me kom altså hit onsdag 17. september, denne gongen for å bu og jobbe på huset i 10 veker framover. Dette blir spennande. Staden var langt frå ny for oss, men før var me gjester, no skal me prøve oss som vertsfolk.

På huset var Lise og Erik Jalk frå Danmark, det var bra for oss, dei hadde lang erfaring, og tok imot oss på ein framifrå måte. Berre nokre få dagar etter kom Lilly og svigersonen Steinar, og når Lise og Erik drog heim, kom Wenche og Odd Berg. Også dei med tidlegare erfaring som husfolk. Og når også Wenche si veninne Grethe Bratland kom for å hjelpe til nokre veker, hadde vi jo ein alle tiders stab på huset. Framifrå for oss som var nye, og fekk erfare at det er eit mangslunge, krevjande, men også særdeles gjevande tilvere å vera husfolk, og del av den store familien rundt og på Beit Skandinavia.

Mykje spennande og trivelege gjester frå Noreg, Skandinavia, og andre stader, pluss at det heilt tydeleg også tener som ein god oase for mange fastbuande, som vankar her både titt og ofte. Så har me så langt fått med oss dei store høgtidene Rosh Hashana, Yom Kippur og Sukkot, Me har feira 100-årsdagen til ein granne i hagen vår, me har hatt 3 dagars kunstutstilling også i hagen vår, og me har feira gullbryllupsdagen til Wenche og Odd.

Marit og Agnar Bratland


Verdt å få med seg...
Nyheter
Arkiv
Last ned vennebrev
Artikkelsøk...
No tags yet.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square