Haustrapport frå Bat Galim


Endå ein gong hev me hatt gleda av å residere på det gamle fine herskapshuset på Bat Galim ved foten av Karmel, og med utsikt over eit endelaust blått Middelhav, der badetemperaturen framleis ligg på 25 grader, endå me nærmar oss midten av november. Og huset med meir enn 30 senger, skal vera «hvilested for den trette vandrer og en open dør for alle». Og mangslunge hev klientellet vore.

Ei gruppe ungdomar frå det danske Ordet og Israel sin bibelskule i Porea ved Tiberias, frå den norske avdelinga av Ungdom i Oppdrag, og ikkje minst hev me hatt gleda av å hyse inn 8 uniformera IDF jenter med Sharon Elkouby (dotter til Elin) i spissen. Dette er jo kjempemoro, og minner om fordums tider, då huset var fullt av nett ungdom, då rettnok frå dei mange kibbutzane rundt om i Israel.

Og gjestelista spenner frå unge familiar med born til folk på vår eigen alder, og som vanleg frå ulike både nasjonar og verdsdelar. At me også denne gongen hev hyst reiseguruen Jens A. Risnes, kjennd frå både bøker og reiseprogram i NRK, er jo særdeles artig. Ellers har me hatt besøk av familie, og ikkje minst fekk me vera i Jerusalem og feire bryllupet til Ida og Assaf, dotter og svigerson til Anne og Per Leikanger. Alt i alt to svært interessante og innhaldsrike månader, saman med trivelege medarbeidarar. Ein måte å fylle pensjonisttilveret på som me på det sterkaste kan anbefale fleir. Og i februar er me attende «på bruket» for nye 2 månader -


Verdt å få med seg...
Posts are coming soon
Stay tuned...
Nyheter