Rapport fra Beit Skandinavia


Endå ein gong fekk me gleda av å vera husfolk på Beit Skandinavia, saman med andre trivelege medarbeidarar. Då me kom i midten av februar, vart me vel mottekne av Laila og Wenche og Odd. Og gjenom desse vekene fram mot påske, har me også dela hus, jobb og fritid med både Signe og Peder, Signe si veninne Marit, Lillian og Per Arne, og Merete frå Danmark, som nokre veker kombinera jobb på Rambam hospital med å hjelpe til litt på huset. Pluss gjester i alle variantar, frå kibbutzungdom, særleg frå Baram, ektepar med born, og sjølvsagt folk på vår eigen alder. Det set også eit positivt preg på miljøet her med så mange gode grannar, både nordmenn og israelarar. Eit særs gjevande fellesskap å fa vera ein del av over tid.

Då det har vore relativt roleg på huset den fyrste tida, fram til siste halvdelen av mars, har me også denne gongen hatt høve til å farte litt rundt. Og for oss som likar å gå i fjellet heime i Noreg, er det jo rike mogeleghetar også her i, med meir enn 10 000 km. godt merka turløyper over heile landet. Og landskapet er variera. Frå solsvidde vidder med djupe wadies og waterpools oppe på Golan, til facinerande ørkenlandskap lenger sør, med dirrande hete om dagen, og låge temperaturar om nettene. No i vår, før tørken set inn, har me også gått i frodig landskap med bognande blomsterenger og beitande bufe i Galilea. Israel er jo eit utruleg stort lite land med mange vakre nasjonalparkar. Og så er me jo så heldige å kjenne Anne Berit i Jerusalem, som både innviterar oss med på, og gjev oss råd om mange fine turar. Heller ikkje å gløyme Ronny og den lokale turgruppa hans.Hadde me vore yngre, hadde me gjerne teke mål av oss til også å greie den innpå 1000 km. lange Israel National Trail, som startar oppe ved Dan, og buktar seg sørover til Eilat nede ved Akababukta.

Israel er eit fantastisk land, med så mange mogleghetar på så mange område. Det er ein viktig del av vår eiga soge. Her vandra dei gamle profetane, her levde Jesus heile sitt jordiske liv. Og frå denne vesle flekken midt i verda har me fått både Det Gamle, og Det Nye Testamentet. Og ikkje å gløyme - "Frelsa kjem frå jødane"

Takk for oss - me kjem gjerne att


Verdt å få med seg...
Nyheter
Arkiv
Last ned vennebrev
Artikkelsøk...
No tags yet.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
Kontakt oss

post@beitskandinavia.no
Tlf: 00 972 4 8512470 (Haifa)

Tlf: 33 61 12 13 (Norsk nummer i Israel)

Adresse Norge

Postboks 43,
3240 Sandefjord. 

  • Facebook Clean
Adresse Israel

Hasharon 47, Bat Galim
31004 Haifa, Israel

kern sort.png

© 2014 by Kern Design