JOLEBREV FRÅ BEIT SKANDINAVIA 2021

JOLEBREV FRÅ BEIT SKANDINAVIA 2021

I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulle skrive seg i manntalet. Josef og for frå Galilea, frå den byen som heiter Nasaret, opp til Judea, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem – for han høyrde til Davids hus og ætt – og ville skriva seg der. Maria festarmøya hans var med han, ho gjekk då med barn.

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredesfyrste.

Her, i dette landet, og blant dette folket. Guds land og folk, har Beit Skandinavia hatt det privilegium å vera møtestad i meir enn 40 år, der visjon og hovudfokus er, «Trøysta, trøysta mitt folk, seier dykkar Gud. Tala venleg til Jerusalem».

Men også i år stend Beiten tom. Heller ikkje i år blir det tenning av adventsljos og jolefeiring. Som Mette skreiv så fint i fjor om tidlegare: «Glade mennesker fylte stuene til randen, alle bord bugnet, og rommene var fullbooket. Våre israelske venner som inviteres hvert år, kom – nøt – og takket så hjertelig for tradisjonen og gjestfriheten».

Heldigvis har vi gode og trugne vener der nede, som tek seg av hus og hage, og ordnar med post og rekningar. Og vi opnar så snart vi kan, etter å ha gått over anlegget, og vaska ned hus og tøy. Satsar på å vera klare for å ta imot gjester att til våren.

Vil avslutningsvis minne om vårt kontonr. 05392531809, og vipps 134030. For sjølv om inntektene er sett på vent, går dei faste utgiftene sin gang. Årsmøte 2022 blir også på Vemestad Bedehus 6. august. Nærare orientering om det kjem seinare.

For styret Agnar Bratland

God jol og godt nytt år med glimt frå Beit Skandinavia









Verdt å få med seg...
Posts are coming soon
Stay tuned...
Nyheter
Arkiv
Last ned vennebrev
Artikkelsøk...
No tags yet.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square